Gyvatn
Vasskjelda til Uleberg Kraftverk
Gyvatn reguleringa vart bygt i 1913 til 1915. Det er bygt 4 dammar med ei totalt lengde på 209 m. Største høgde er 5 m. I 1985 vart det gamle nåleløpet bytt ut med tappeluke og murdammane vart fuga opp att.
Siste rehabilitering var i 2010 og då vart dammane forsterka med oppstraums betongplate. På 2000 talet kom vatnet inn i den digitale tidsalder og det vart mogleg å lese av vasstand og minstevassføring frå driftsentralen. Vatnet frå dette vassdraget ender opp i Otra via Dåsvassåne og vert nytta av Uleberg Kraftverk.