Reguleringa av Byglandsfjord har gått føre seg gjennom heile det 20 århundre. Det starta med den fyrste dammen som var ferdig i 1905. Det vart gjeve ny konsesjon allereie i 1912. I 1973 vart det bygd ny dam nedstraums den gamle dammen. Det vart også montert nye luker.

I 2003 vart det gjeve ny konsesjon for vidare regulering av Byglandsfjorden. Byglandsfjorden heng i hop med Åraksfjorden via ei innsnevring ved Storstraumen.  Byglandsfjorden kapasitet på 155,8 mill m3 og Åraksfjorden har 56,5 mill m3.  Reguleringshøgda er 5 m. Det er likevel restriksjonar på bruken av denne reguleringshøga som fylgja av krav til sommarvasstand og levekår for Bleka. Byglandfjorden er 24 km lang, medan denne heng i hop med Åraksfjorden. Totalt utgjer dette ein vasspegel på ca 35 km.

Det er ingen kraftverk direkte knytt til denne og funksjonen er difor fyrst og fremst å jamne ut tilsig frå ovanliggjande effektkraftverk og nedanforliggjande elvekraftverk. Den har også ein funksjon med tanke på flaum i Otra vassdraget.