Dei fyrste reguleringane i Botsvatn vart utført i 1919 og 1964. Siste byggetrinn vart utført i perioden 1974 til 1976 i samband med 2. byggetrinn i øvre Otravassdraget. I 2003 vart dammen forsterka nedstraums ved bygging av ny damtå som fylgje av nye og strengare krav til tryggleik; ny damforskrift.

Botsvatn er inntaksmagasin for Brokke Kraftverk. Vatnet som har gått gjennom Holen Kraftverk renn ut i Botsvatn. Det same gjer vatn som går gjennom Skarg kraftverk. Det har eit magasinvolum på 296 mill m3. Høgste regulerte vasstand er 551 og lågaste regulerte vasstand er 495.

Film frå magasinet