Brokke Kraftverk
To byggetrinn - ein stasjon
Brokke kraftverk er bygd i to etappar. Fyrste byggetrinn var med inntak i Bykil. Dette vart ferdig i 1964. I andre byggetrinn kom eitt nytt aggregat i stasjonen, samt at inntaket vart flytta til Botsvatn. Båe byggetrinna nyttar vatn på same vasstrengen. Det er eit fall på rundt 300 m alt etter nivået i Botsvatn. Trykket i Brokke er også avhengig av kor mykje køyring det er i Brokke. Det er ein lang tilløpstunnell frå Botsvatn til Brokke kraftstasjon. Denne er på 70 m2 og ved hard køyring er farten i tunnellen opp mot 2 m/s. Vatnet frå stasjonen kjem ut att i Otra ved Sylvartun. Herfrå går det ned til Hekni kraftverk og vert nytta på nytt.
Film over anlegget:
Film over inntaksmagasinet:
Film over bekkeinntak til Brokketunellen:
Driftsetjingsår | 1964/1976 |
---|---|
Turbintype | Francisturbin |
Inntak | Botsvatn |
Årsproduksjon | 1970 GWH |
Tunellengde | 32 km |
Aggregat | 4 |
Effekt | 3 x 78 MW, 100 MW |
Turtal | 4 x 375 o/min |
Slukeevne | 3 x 32 m3/s, 40 m3/s |
Syneffekt generator | 3 x 100 MVA, 140 MVA |
Spenning generator | 3 x 13 kV, 15 kV |
Syneffekt transformator | 3 x 100 MVA, 140 MVA |
Spenning transformator | 3 x 13/150 kV, 15/150 kV |