Det høge temperaturen gjer at dei rekordstore snømengdene i heia smelter fort.
Det gjer at det kan vert mykje vatn i bekkar og sidevassdrag til Otra. Desse endringane kan også kome veldig raskt.
Dette gjev store døgnvariasjoner og farten på endring av vassføring kan vere så stor at det vert vanskeleg å evakuere.
 
Otra Kraft og Agder Energi har sett i verk fleire tiltak for å redusere risiko for skadeflaum ved snøsmeltinga i vassdraget. Folk må likevel vere ekstra varsame og respektere skiltinga ved ferdsle langs vassdraga. Vassføringa kan på kort varsel auke mykje og opphald i eller nær vassdraget kan utgjere stor risiko for livsfarlege hendingar.