Røykutvikling i Holen kraftstasjon 13.10.11
Skade på lågspent effektbrytar for stasjonsforsyninga vart reparert ved hjelp av reservedeler som låg på anlegget.
Årsaka var at i samband med anleggsarbeid på 80-talet vart brytaren køyrt i skilleposisjon med last, utan å ta ut effektbrytaren først.
Dette medførte at brytarkontakter vart skada. På grunn av dette kom ikkje brytaren heilt i inngrep ved kobling, og det oppstod ljosboge.
Tilfelle som denne kan skje når alderen kjem, men ved feilmanøver veit ein aldri NÅR.
Brytarar som dette vert normalt manøvrert relativt sjeldan. Det er difor viktig å ha regelmessig kontroll, spesielt av brytarkontaktene.
No er altså alt i orden att.