Brokke kraftverk. Status for Statnetts 420 kV-anlegg
Det er for tida stor aktivitet på Brokke i samband med at Statnett bygger sitt koplingsanlegg for 420 kV-linja mellom Skåreheia og Holen kraftverk. 2 stk 420/132 kV transformatorar, kvar på 200 MVA, er på plass i Brokke. Den første kom sist i august og den andre 3. September. Gjennomføringar vert montert og olje påfylt. Dei skal idrift- setjast sommaren 2009. ABB skal begynne å montere apparatanlegget for 420 kV utendørsanlegget i perioden 01.10.08 - 01.04.09. Då skal Siemens montere kontrollanlegget i nytt bygg. Grunnarbeid for nytt bygg er på det næraste ferdig og bygging vil starte i nær framtid. Arbeidet i Bjørgedalen vert stort sett ferdig i haust, men anlegget skal ikkje setjast i drift før i april 2009.