Konsesjonssøknader for Flårendsfossen og Hallandsfossen småkraftverk
06.01.2012
Konsesjonssøknader for Flårendsfossen og Hallandsfossen småkraftverk vart sendt til NVE rett før jol 2011. NVE har signalisert at prosessen med å avgjere desse vil ta 2-3 år.
![]()
Småkraftverk i Otravassdraget
23.11.2011
Otra Kraft kjem til å sende konsesjonssøknader for 2 småkraftverk til NVE i haust. Dette gjeld Flårendsfossen og Hallandsfossen.
Tilbakemelding frå NVE går i dag ut på at vi må pårekne 2 til 3 års handsamingstid der før avgjerd.
Ved gjennomføring av evt. konsesjon skal kraftverka utnytte minstevassføringa i Otra i eitt fall nedstraums eksisterande terskel i Otra ved Flårenden i Valle kommune, og fallet i Hallandsfossen rett sør for Valle sentrum.
Ved evt.
![]()
Brokke Nord og Sør
23.11.2011
Tilbodspapir for bygg og Elmek er sendt ut. Frist for pristilbod er sett til måndag 9. januar 2012. Tilboda skal så vurderast og sak om utbygging eller ikkje vil handsamast hjå eigarane og i Statkraft i slutten av februar 2012/byrjinga av mars 2012.
For tida pågår arbeid med å få fram anleggskraft til Bjørnarådalen og Fjellskarå. På grunn av at ulike prosessar i høve til offentlege instansar tek tid, så kan det verte problem med å få gjennomført arbeidet i terrenget før vinteren set inn.
![]()
Røykutvikling i Holen kraftstasjon 13.10.11
01.11.2011
Skade på lågspent effektbrytar for stasjonsforsyninga vart reparert ved hjelp av reservedeler som låg på anlegget.
Årsaka var at i samband med anleggsarbeid på 80-talet vart brytaren køyrt i skilleposisjon med last, utan å ta ut effektbrytaren først.
Dette medførte at brytarkontakter vart skada. På grunn av dette kom ikkje brytaren heilt i inngrep ved kobling, og det oppstod ljosboge.
Tilfelle som denne kan skje når alderen kjem, men ved feilmanøver veit ein aldri NÅR.
Brytarar som dette vert normalt manøvrert relativt sjeldan.
![]()
Brokke Nord og Sør. Anleggskraft til anleggstadene
19.10.2011
Det er gjennomført tilbodssynfaring og tilbodspapir for bygg- og elmekarbeid vert sendt ut i veke 42. Interesserte tilbyderar kan so arbeide med sine tilbod til 9. januar neste år. Deretter vert det evaluering av tilbod og evt. utbyggingsvedtak i februar 2012.
Om det enno ikkje er avgjort om det vert utbygging så arbeider ein med tanke på å få bygge anleggskraftforsyning til riggområde i Bjørnarådalen og Fjellskarå.
![]()
Nytt kontrollanlegg i Brokke kraftverk. Aggregat 2
19.10.2011
Det er no skifta kontrollanlegg for aggregat 2 i Brokke kraftverk. Stasjonen kan dermed møte komande vinter med alle 4 maskinene produksjonsklare.
![]()
Jubileumsboka til Otra Kraft DA
03.10.2011
Jubileumsboka er til salgs på Brokke og på Holsmoen i Bykle til ein pris av 150 kr/stk.
![]()
Montering av ny varegrind 1 i Brokke
02.09.2011
Arbeidet er godt i gang. Lukeelementa er lagt på plass og det meste er klart for å sveise dei til flyndrene. Opninga mellom stavane er auka frå 50 til 70mm.

![]()
Brokke kraftstasjon. Skifting av varegrind 1
26.08.2011
Varegrindene på toppen av trykksjaktene er festa med boltar og mutterar. Enkelte boltar har losna eller gått av og dette kan medføre skader på løphjula i turbinane.
Dei gamle grindene skal fjernast og nye monterast. På dei nye er det større avstand mellom stavane enn på dei gamle og festemåten er ein annan. Varegrind 1 skal skiftast i haust og etter planen varegrind 2 neste år.
Arbeidet vert utført av Andritz.
![]()
Masteroppgåve for student ved NTNU
18.08.2011
Andreas Fløystad er student ved NTNU som hausten 2011 skal begynne på si masteroppgåve. Prosjektoppgåva går ut på å sjå på potensialet for pumpekraftverk i øvre Setesdal, der Otra Kraft har sine produksjonsanlegg.
Det vert sett på 4 alternativ. Dette er anlegg mellom fylgjande etablerte magasin:
1. Bossvatn-Blåsjø
2. Bossvatn-Urevatn
3. Bossvatn-Vatnedalsvatn
4. Vatnedalsvatn-Urevatn
Arbeidet vert gjennomført med professor Leif Lia ved NTNU som rettleiar.
![]()